Fottur til Hardangervidda.Er du glad i fjellet må du ta deg ein tur opp til Hardangervidda frå Lofthus. På vegen passerer du dei kjende Munketrappene som vart lagt av munkar frå Lofthus i mellomalderen. Dette vart gjort for å letta tilgangen til fjellet kor dei gjekk med hestar og kyr over mot austlandet. Du må også ta ein tur innom Nosi. Eit vekjent og synleg utsiktspunkt der ho stikk rett ut frå fjellet som ein nase. Her lovar vi deg ein fantastisk utsikt over
Lofthus og Hardangerfjorden.
Du kan også ta fotturen frå Kinsarvik og opp Husedalen. Dette er truleg Noregs vakraste innfallsport til Hardangervidda. På turen passerer du 4 brusande fossar.
Noko som er eit imponerande syn.
Skredhaugen.Ei avdeling av
Hardanger folkemuseum ligg på Skredhaugen på Lofthus. Her har dei samla gamle bygningar frå Ullensvang i mellomaldreren og framover mot nyare tid.
Edvard Griegs komponisthytta.I hotellhagen på Hotell Ullensvang står komponisthytta til Edvard Grieg. Ei hytta han brukte i arbeidet sitt i den tida han var på Lofthus.
Kjeåsen.Kjeåsen er ein fjellgard som ligg på over 600 m.o.h. i Eidfjord kommune. Garden har vore i drift sidan 1700 talet og er eit kjent og godt besøkt turistmål i Hardanger. Du kan velgja om du vil køyra opp eller ta kortaste vegen til fots opp fjellsida frå Hardangerfjorden.
Hardangertun FamilieparkI Kinsarvik finn du også
Hardangertun Familiepark med leikeapparat og vannsklier.
Norsk motorklubb Hardanger har flott
go-cart bane med utleige av go-cart gjennomm heile sommaren.
Hardangervidda Natursenter.I Eidfjord finn du også
Hardangervidda Natursenter med sin imponerande supervideograf, utstillingar og akvarier. Her får du eit godt innblikk både i flora og fauna på Hardangervidda.
Vøringsfossen.Vøringsfossen er eit fantastisk syn om sommaren når vannmassane kastar seg utfor det 182 meter høge Vøringsfossplatået. Her får ein også god utikt over Måbødalen og vegen som vart påbegynt i 1887. Trolltoget har fast ruta på gamlevegen opp Måbødalen, mellm Måbø gard og Vøringfossplatået.
Det går tursti frå Måbø gard og inn under Vøringsfossen.
Agatunet.Tvers over fjorden frå Lofthus finn du Agatunet. Eit klyngjetun med bygningar tilbake til 1300 talet. Agatunet er eit levande museum om sommaren.
Folgefonna.
Du kan koma deg til Fogefonna ved å gå inn vakre Buardalen i Odda. Her går det tursti heilt fram til brekanten. Buarbreen er eit populært område for brevandrarar. Breførar er påkrevd !
Du kan også reisa til Jondal og til Folgefonna skisenter dersom du ynskjer å oppleva isbreen. Sommarskisenteret ligg 900 m.o.h. med skitrekk oppover brearmen.
Vestnorsk Industridstadmuseum.I Tyssedal finn du Vestnorsk Industristadmuseum med mellom anna den vakre Tyssedal kraftstasjon. I Tyssedal kan du også sjå Noregs største steindemning som demmer opp Ringedalsvatnet. Herifrå kan du ta trallebanen opp på fjellet og gå inn til Trolltunga. Eit dramatisk fjellutspring med fantastisk utsikt.
Vestnorsk Industrimuseum